NyheterSpelinga blir flytta til kraftstasjonen 28. januar
13.01.2015
Pga at det er opptatt på Bjørkheim blir spelinga flytta til kraftstasjonen 28. januar. Singelturnering fredag 30. januar kl 18 på Bjørkheim Årsmøte blir fredag 9. januar
26.11.2014
Referatet kommer så snart det er godkjent. Høgdeopphaldet 2014
26.11.2014
Høgdeopphaldet fredag 5. desember-søndag 7. desember. Singelen blei vunnen av Erling - resultat.
Kjørerute => her Meir info under "Les mer..." Introduksjonskveld for ungdommar.
17.10.2014
Fredag 17.10 arrangerte me ungdomskveld på bjørkheim. Trykk på "les mer" for å lesa litt om korleis det gjekk. Serviceavgift for ikkje-medlemmer
28.09.2014
Dei som ikkje er medlem enno, bør melda seg inn no for å unngå serviceavgift på kr 60. Dersom nokon av medlemmane enno ikkje har betalt så gjer da snarast til Ove. Eller set inn kr 350.- på konto: 3562 50 54522. Styremøte
21.09.2014
Me hadde styremøte på Bjørkheim fredag 19. september. Sak 1: Plan for bruk av tildelte Frifondsmidlar. Referat frå møte under "Les mer..." Høgdeopphald 2014
03.09.2014
Høgdeopphaldet blir helga 5-7. desember.
I år blir det ikkje mulig å leige annekset då det er blitt butikk.
Me blir minst 4 bord og lokalet er bestilt. Opplegget blir som tidlegare år med singelturnering fredag, par og lag turnering på lørdag..
Dersom fleire ønskjer å være med så svar på mail eller meld på til Odd. Tlf 975 71 061. Påmeldte under "Les mer..."
I 2015 har klubben 40 års jubileum. Har nokon forslag til opplegg i jubileumsåret så gje ein tilbakemelding til styret. Bridgen blir på Bjørkheim onsdag 3. september.
24.08.2014
Frammøte på Bjørkheim kl 18. onsdag 3. september. Det blir 21 spel og startkontingent kr 40.- (klubben kjøper 2-3 kanner med kaffe som blir inkludert i startkontingenten). Brus eller anna må de eventuelt kjøpa på kafeen. Dette blr ei prøveordning framover så evaluerer me seinare angåande spelelokale, antall spel og starttidspunkt. Me håper sjølvsagt at me på sikt skal få fleire til å stilla og gjera det litt lettare å starta med rekruttering. Me prøver å få ein liten omtale i Samningen så mulig det stiller ein representant frå Samningen på onsdag, så det er bra dersom flest mulig stiller.
|