Sak 1: Plan for bruk av tildelte Frifond midlar til juniorarbeid.
Vedtak: Me ønskjer å holde ein introduksjons kveld på Bjørkheim Kro og Motell for ungdommar under 25 år. Prøver å få det til fredag 17. oktober.
- Det blir ingen bindande påmelding. Kunngjering med annonse i Samningen, plakat på skulane. Juniorer og andre i klubben går aktivt ut og prøver å få med kameratar/veninner og andre ein kjenner. Morten har òg ei Facebook gruppe der han prøver å få med dei som er interessert.
- Det blir gratis, og klubben spanderer pizza og brus/kaffi.
- Prøver å få ein kjent junior landslagsspelar til å komma og fortelje litt om bridgen med landslaget ol.
- Styret trur at for å få eventuelle nye spelarar til å læra bridge, må me få dei med på BBO for å få dei aktive nok . Me vil difor vise, på storskjerm, eit heilt spel der me loggar oss på med telefon, brett og pc for å visa korleis det føregår.
- På slutten av kvelden vil me ta påmeldingar til kurs, og vil prøve å kjøre ett lynkurs slik som BAK kjører på studentsenteret. (Innbydelsen)
- Vidare opplæring blir som ein ungdomsklubb med bridge, både på Bjørkheim og på BBO.
- Me ønskjer ikkje at juniorar skal starta for tidleg med klubbspeling.
Sak 2: Høgdeopphald 2014
Vedtak: Me satsar på å ha høgdeopphaldet helga 5-7. desember. (ingen andre helger som passa)
- I år blir det ikkje mulig å leige annekset då det er innreda til butikk.
- Dersom me blir minst 16 spelarar så vil me arrangera.
- Opplegget blir som tidlegare år med singelturnering fredag, par og lag turnering på lørdag.
- Påmeldingsfrist blir onsdag 1. oktober. Svar på mail eller meld på til Odd, tlf 975 71 061