Sju ungdommar møtte opp på bjørkeim for å høyra litt om bridge, ha ei sosial stund med pizza og brus, og sjølvsag, spela litt kort. Me hadde ein kort introduksjon om kva bridge er, og om klubben vår. Dei fleste av ungdommane hadde noko kjennskap til bridge frå før, og me tok ein rask repetisjon på å telja honnørpoeng og melda opning. Me kopla oss på internett og tok nokre spel på BBO på storsjerm så ungdommane fekk sjå korleis dette verka. Til slutt spela me nokre spel med Ove som kyndig rettleiar. Tida gjekk fort, og det verka som dei fleste godt kunne spelt endå ei stund. Me tar sikte på fleire liknande arrangement framover, men då med meir fokus på spel. Takk til dei som møtte opp, underteikna hadde det i alle fall kjekt.
Morten