Det blir 21 spel og startkontingent kr 40.- (klubben kjøper 2-3 kanner med kaffe som blir inkludert i startkontingenten). Brus eller anna må de eventuelt kjøpa på kafeen.
Dette blr ei prøveordning framover så evaluerer me seinare angåande spelelokale, antall spel og starttidspunkt. Me håper sjølvsagt at me på sikt skal få fleire til å stilla og gjera det litt lettare å starta med rekruttering.
Me prøver å få ein liten omtale i Samningen så mulig det stiller ein representant frå Samningen på onsdag, så det er bra dersom flest mulig stiller.