FORSLAG 1
Forslag til kretstinget, NBF Hordaland 21. april 2018.
Forslagsstillar: KRU
Avvikla ordninga med betalt Forretningsførar i kretsen og overføra midlane til løna bridgelærar.
Bakgrunn
Norsk bridgeforbund har over tid hatt synkande medlemstal. Frå over 16000 på byrjinga av 1980-talet til i dag å ligga under 9000. Det knyt seg riktig nok ein del usikkerheit ved tala, men gjev uansett ein god peikepinn på kor ”landet ligg”. (sjå vedlegg: Medlemsutvikling fram til 2017).
NBF Hordaland er i same båt. Medlemstalet går ned (sjå årsberetning NBF Hordaland 2017 side 1), samtidig som alderen på den gjenverande medlemsmassen går opp. Snittalder på eit NBF-medlem i dag er 61,7 år, truleg om lag det same i vår krets. Ein analyse av forbundets medlemsmasse viser at antall medlemmer synk til 7600 i 2022 og til 7100 i 2027 om ikkje noko blir gjort (vedlegg: demografisk analyse). Skal NBF Hordaland ta ”sin del” av denne nedgangen vil vi gå frå ca 560 medlemmer i dag til ca 450 om 10 år.
Det hastar altså med å få snudd trenden. Dei siste åra har det vakse opp juniorklubbar fleire stader i landet. Sandnes som var først ute har idag eit yrande juniormiljø. Fleire andre stader i landet har det òg kome juniorklubbar til. Sist no i Mo i Rana som har hatt stor suksess med si satsing.
Felles for dei to er at dei har rekruttert medlemmer til juniorklubbane gjennom skulen.
Vi trur dette er vegen å gå også i vår krets.
Korleis kan dette gjennomførast?
Vi ser for oss eit system der kretsen løner ein person (så langt det er midlar). Hans oppgåve er å besøka skular (ungdomsskular) og gje ein liten smakebit på korleis bridge blir spelt.
Denne personen kan ”leigast” av klubbane i kretsen etter søknad. Ein slik søknad må innehalda ein klar strategi for korleis klubben tenkjer seg å ta vare på dei unge som viser interesse etter at introduksjonen på skulane er gjort. Med så beskjedne midlar som kretsen rår over kan det sikkert bli kamp om å få koma med, men kanskje er det mogleg å skaffa midlar også utanfrå. Dette vil og ”pressa” klubbane til å satsa på rekruttering: Ynskjer dei hjelp frå kretsen, må dei òg bidra sjølv.
Ei slik løysing vil sannsynlegvis òg passa godt inn i NBFs rekrutteringsstrategi som skal vedtakast på tinget i juni i år. (vedlegg: Norsk bridgeforbund – rekrutteringsstrategi).
Forslag til Kretstinget:
1. Bridgeleir i Hordaland
Kretsen arrangerer en årlig bridgeleir i Hordaland rett etter skolestart over 3 dager. Årets Bridgeleir som er planlagt i Austevoll er langt på overtid uten planlegging, og bør utsettes til neste år 2019. Forslaget om Bridgeleir i Hordaland innebærer også at klubbene i kretsen kan søke om å få arrangere leiren.
Kretsen sitt ansvar til Bridgeleir:
Økonomi/støtteordninger
Opplæringsmateriell
Bridgelærere
Lage program
Klubbene sitt ansvar:
Skaffe lokale
Bestille mat fra lokal Catering
Komme med forslag til Program
Stille med 3-4 personer til hver bridgeøkt
Stille med personer til mat/rydding
1 nattevakt i overnattingsområdet.