Referat frå styremøte måndag 14. januar 2013
Møte blei avhaldet heime hjå Anne Marie og følgjande møtte frå styret: Anne Marie Stengel Hisdal (kasserar), Ove Gåsdal (sekretær), Vivian Røen (materialforvaltar) og Helge Magnus Erdal (leiar). Morten Haugen møtte som KRU kontakt.
Sak 1: Årsmøte for 2012:
• Blir onsdag 13. februar 2013 kl. 18 i BKK kantina på Frøland.
• Leiar kallar inn seinast onsdag 23. januar.
• Kasserar engasjerer valkomiteen og innstilling til nytt styret forventas ferdig til 6. februar.
• Rekneskapen blir ferdig revidert til spelekvelden den 6. februar.
• Årsmelding, forslag ferdig 6. februar.
Sak 2: Klubbkveldane, kva opplegg skal me ha vidare i 2013.
• Einkvelds som no fram til årsmøtet der det blir tatt opp som eiga sak.
• Fortsetje med simultanturneringar.
• Påmelding som no, men med frist måndag kl 22.
Det må informerast betre for å få fram at påmeldinga er for å sikra minimum 6 par. Alle kan stille sjølv om dei ikkje er påmeldt. Ingen ”krise” om ein plutseleg blir forhindra å stille sjølv om ein er påmeldt, men må gje beskjed snarast til påmeldingsansvarleg og spelinga kan bli med f. eks 5 par. Det blei diskutert muligheit for påminning i form av SMS eller e-post. Kom fram til at det ikkje burde være nødvendig, men dersom enkelte ynskjer det så kan dei ta kontakt med ein i styret så vil me ordne det.
Sak 3: SM par.
• Blir fredag 15. februar kl 17.30. Prøver å få låna Tysse Ungdomsskule. (Morten sjekkar dette).
• Må ha minst 8 par for at me arrangerer.
• Påmeldingsfrist måndag 11. februar kl 22.
• Ca 42 spel.
• Pengepremiering.
Sak 4: SM singel.
• Blir onsdag 27. mars (onsdag før Skjærtorsdag) kl 18. Prøver å få leige Nordborg. (Leiar sjekkar dette).
• Påmeldingsfrist søndag 24. mars.
• Må ha minst 16 spelarar for at me arrangerer.
• Ca 40 spel.
• Premiering, bruke premier vi har liggande og eventuelt enkelte pengepremiar.
Sak 5: Rekruttering:
• Ganske mange skuleungdommar har vert borti bridge på skulen i forbindelse med ein aktivitets dag. Morten prøver, via Facebook, å få til minst ei samling no i vinter fortrinnsvis på Bjørkheim med opplæring og speling. Styret går inn for at klubben spandere pizza slik at dette blir ein sosial samling og det vil då bli lettare å få bruke kafeen til dette. Morten trenger 2-3 medhjelparar frå klubben til arrangementet.
Dersom me så får med nybyrjarar i klubben må medlemmane belage seg på å splitte opp faste par og spele med ein nybyrjar. Styret går òg inn for gratis speling for nybyrjarane og makkeren deira.
• Tidlegare medlemmar. Lage til et skriv/spørjeskjema angåande muligheit til å få desse til å spele i klubben att. Eventuelt skaffe makker til dei som måtte ynskje det. Her må òg faste makkerar vere forberedt på å splitte seg for ei tid. Dette bør vere klarlagt til haustsesongen startar.
Sak 6: Økonomi.
• Pr i dag har me kr 47 349 i banken og styret ynskjer derfor å fortsetje med dagens kontingenter så fremt me ikkje går i underskot på klubbkveldane. Satsane blir bestemt på årsmøtet.
Eventuelt:
• Høgdeopphald. Ynskje om å få til høgdeopphald i Bergsdalshytta igjen. Leiar sjekkar (med Odd) angåande kva helger som er til redusert pris og eventuell avbestillingsfristar. (Sendt mail 15.1) Må ha minimum 16 spelarar og det kan inviterast spelarar frå andre klubbar. Prøver å få denne til 14 dagar før eller etter divisjonsspelinga som går i november, mest sannsynleg 9-10.11 i følgje NBF.
• Gamalt rekneskap. Rekneskapen med bilag må oppbevarast i 10 år. Styret foreslår å kaste alle bilag som er eldre enn 10 år.
• Innkjøpte premiar. Brukar desse på SM singel og eventuelt på høgdeopphaldet.
• Leiar har den gamle kortgjevarmaskina og alle dei gamle mappene med kort. Greitt å ha maskina i reserve og i forbindelse med SM og eventuelt høgdeopphald. Tar ein god del plass så dersom nokon ynskjer/kan oppbevare den så gje beskjed til leiar. For tida virkar ikkje pc så der må me få tak i ny maskin som må vere av den gamle 286 typen. Terje Sande har muligens ei slik ståande som me kan få. Leiar snakkar med Sande.
Referent: Helge M. Erdal
”sign”