Styremøte måndag 22. august 2014, kl 20.
Møte var på Bjørkheim Kro & Motell og følgjande frå styret møtte: Morten Haugen (RK), Ove Gåsdal (sekretær/kasserar), Vivian Røen (materialforvaltar) og Helge Magnus Erdal (leiar). I tillegg møtte Bjørn Røen.
Sak 1: Klubbkveldane; kva opplegg skal me ha i sesongen 2014/2015.
- Flytte klubbspelinga til Bjørkheim?
Vedtak: Styret går inn for ein prøveperiode dersom det er greitt for Bjørkheim Kro og Motell. Leiar sjekker det slik at me eventuellt er klar til første eller andre spelekveld. I tilfelle må me gje kort privat, Morten H. har tatt på seg jobben. - Startkontingent.
Vedtak: Auker til kr 40.- pr. spelar. - Ein-kvelds som tidlegare?
Vedtak: Fortsetje som før med parturneringar. Mulig me kan ta SM som ein fleirkvelds turnering, dersom det ikkje er interesse for ein lenger dagturnering. - Onsdag som speledag?
Vedtak: Ja. - 21 spel på klubbkveldane?
Vedtak: Prøver med 21 spel og starter då kl 18:30 i byrjinga så ser ein. - Premiering?
Vedtak: Som før. - Samanlagt, f. eks pr. månad?
Vedtak: Ser etter kvart om det er ynskje om det. - Butlerberegning?
Vedtak: Ja, tar nokon prøver på det innimellom. - Sal.
Vedtak: Dersom me heldt til på Bjørkheim, handlar me der. - Fortsetje med simultanturneringar?
Vedtak: Ja. - Masters Roy René?
Vedtak: Nei. - MP-treffet (simultanturnering)?
Vedtak: Ja. - Poenghøsten?
Vedtak: Nei. - Påmelding som før med frist måndag kl 22?
Vedtak: Nei, prøver utan. Viktig at dei som ikkje har makker stiller allikevel, alle får spele. - Annonse/innlegg i Samningen?
Vedtak: Ja, Morten H. tar kontakt med redaktøren og er ansvarlig for at det kjem eit stykkje frå Samnanger BK i Samningen. Resultater i Samningen må prioriterast opp.
Sak 2: Høgdeopphald i Bergsdalen.
Vedtak: Styret går inn for det. Leiar kontaktar Odd som sjekkar for ledig helg. Bør ha 14 dagar avstand til serie meisterskapen som går 15-16. november 2014. Minimum 4 bord.
Sak 3: Rekruttering:
Vedtak: I første omgang prøve å få med gamle medlemmar. Prøve å få danne faste par med utgangspunkt i ein halv sesong. Personleg kontakt med aktuelle spelarar.
Sak 4: Eventuelt.
På enkelte klubbkveldar kan det takast opp litt melde- eller speleteknikk, beregna på dei mest urøynde.
(ca 5-10 minutt). Morten H. kan prøve å få det til.