Høgdeopphald i Bergsdalen 9-11. november 2018.
Hugs: Mat/drikke for heile helga (klubben held kaffi, og middag laurdag kveld)
Sengetøy (dynetrekk, laken og putevar eller sovepose)
Singelturnering fredag:
· Start kl 18:30 (blei ferdig ca 00:15)
· 17 spelarar.
· Barometer.
· 4 rundar á 3 spel + 13 rundar á 2 spel, tilsaman 38 spel.
· 26 minutt pr. runde med 3 spel og 18 minutt pr. runde med 2 spel + 1 minutt skift. Ferdig ca 00:23
· 1 spelar har oversitt kvar runde og han delar ut slippar, ryddar på plass brukte mapper og førebur neste runde.
· Ingen visning av resultat i BM boksane.
· 5 premiar (vin).
· Meldesystem: Fritt, men grunnsystem dersom det ikkje er avtala noko.
o Åpningar, 5-korts major og 4-korts ruter. 15-17 grand (stayman og overføringar), 2 kløver =20 hp, svake 2 ruter/hjerter/spar, 2 NT=20-21 hp.
o Negative doblingar til og med 2 trinnet
o Norske fordeligskast.
o Små som styrke.
Parturnering laurdag:
· Start kl 9:30
· 8 par + ein singel spelar. Ein av dei som har WO spelar med han.
· Barometer 9 rundar á 3 spel = 27 spel.
· 25 minuttar pr. runde + 1 minutt skift. Ferdig ca kl 13:23
· Ingen visning av resultat i BM boksane.
· 3 premiar (vin).
Lagturnering laurdag:
· Start kl 14:30
· 4 lag + ein spelar i reserve.
· Serie 3 kampar á 8 spel = 24 spel. (ingen halvrundar)
· 1 time og 5 minutt pr. runde + 5 minutt skift. Ferdig ca kl 17:55
· Beste og dårlegast par i parturneringa spelar i lag osv.
· Ingen visning av resultat i BM boksane.
· 1 premie (vin).
Middag ca kl 19.00 eller når den er klar. Laila og Ottar si gode hjortegryte!