Me må prøve å få dei unge til å spela kort igjen. Eg tok derfor kontakt med leiar for SFO og spurte om me kunne få koma på SFO og lære barna litt om kortspeling og det fantastiske spelet, bridge
Dei takka så mykje og ville gjerne at me kom.
Eg tenkte å byrja med 3-manns bridge, men etter å ha tatt kontakt med NBF om opplegg, så ringte Sven-Olai Høyland og anbefalte 2-manns bridge når barna er så unge. Han hadde hatt god erfaring med det tidlegare.
Sven-Olai ville gjerne komme inn og hjelpe oss i gang, og i ettermiddag byrja me. Me starta med åtte 2.-4. klasse elevar og spela til foreldra kom og henta dei. Lærte dei om rangering av korta og å ta stikk. Dei spelte 2 og 2 i lag. Elevane var engasjerte og ivrige. Eg håper å få til ein dag til før sommaren og at me kan fortsette til hausten.
Neste steg kan vera 3-manns bridge før ein satsar på å lære dei eit meldesystem.
Håper spelarar frå klubben kan være med å hjelpe til etter kvart.
Takk til Sven-Olai for hjelpen så langt.