I forkant av spelinga måndag 22. mai blei det avvikla årsmøte. Mest interesse knytte det seg denne gongen til val av spelestad der styret hadde sett på to alternative spelestader til eldresenteret. Både Hannes konditori og andre etasje i Kløvertun (Sanitetshuset) kan godt nyttast til bridgespeling, men etter ein kort diskusjon var eit nokså samstemt årsmøte einig om å halda fram å spela i eldresenteret.
Årsmeldig og rekneskap blei einstemmig vedtatt. Rekneskapen viser eit overskot på ca 9000.- i hovudsak pga gode inntekter frå Grasrotandelen og at vi og mottok ca 8000.- i momskompensasjon denne sesongen. Årsmeldinga viser elles god aktivitet og gode resultat av medlemmer i klubben i større og mindre turneringar i inn- og utland, der høgdepunktet denne sesongen utan tvil var bronsemedaljen til Thea Hauge under VM for ungdomslag i fjor sommar; første internasjonale medalje i klubbens historie.
Styret etter årsmøte ser slik ut: Leiar: Anders Johansson (ikkje på val). Styremedlemmer: Reidar Dale (ikkje på val), Linda Rasmussen (ikkje på val), Wenche Nyborg (attval to år) og Leif Juvik (attval to år). Revisor: Kåre Kristianden (attval eit år) og valkomite Bjørn Hauge og Frode Dyrstad, begge attvalde for eit år.