Til helga arrangerer Os juniorbridgeklubb si første store turnering. SR-bank er hovudsponsor for turneringa, og saman med ei rekke mindre sponsorar gjer det ei turnering med ei flott premiering. Sjølve turneringa startar laurdag kl 10 og vi reknar med premieutdeling rundt klokka 18. Det kjem tilreisande frå både nord og sør, så det blir bridgeaktivitetar på Nore Neset skule gjennom heile helga. Dei som ynskjer må sjølvsagt gjerne stikka innom og sjå ein del av noregs beste juniorspelarar i aksjon.