Forbundet har dei siste åra lagt vekt på å få medlemstilvekst. Eitt av tiltaka var å skipa simultantevling for nybyrjarar den første helga i mars 2024.
HEF-bridge har jo hatt bra effekt av kurset som Arne Sandahl og Sjur Veim heldt hausten 2023. Vi har hatt to til fire bord i B-pulja so langt denne våren og det må vi seia oss nøgde med.
Vi fekk ikkje fleire enn eitt bord til tevlinga. Sannsynlegvis var dette grunna vinterferien. Rune Mjøs hadde Anna Rudeng som makker og møtte motstand frå Eva Sunde og Ole Petter Hasselgreen.
Bekymringa over at 24 spel kunne vera i meste laget vart gjort til skamme. Det var god gjennomføring frå alle. Forbundet stilte med premiar og hefte med spelsamandrag frå Geo Tislevoll.