Tysdag ettermiddag kom den ufattelege meldinga om at Frode Fyllingen var død.
Jamvel om eg er noko eldre enn Frode, har han og eg vore kameratar sidan han gjekk på gymnaset. Kjenskapen, og etter kvart venskapen, kom naturleg sidan me båe var stordabuar og dessutan delte dei same interessene: Bridge, sport og realfag.
Eg har mange gode minne frå reiser til bridgeturneringar over heile landet. Kring kortbordet vert eit menneske sine personlege eigenskapar ofte forsterka og tydeleggjort. Frode var perfeksjonist, god til å setta seg inn i andre sine innfallsvinklar og hadde eit analytisk sinn. På grunn av dette, vart han fort ein framifrå bridgespelar. Alt som junior utmerka Frode seg med nasjonale topplasseringar.
Men trass framgang og eksponering ved kortbordet, trivdest Frode best den private sfæren. Det var ofte på tomannshand at han stilsleg og lågmælt la ut om det han meinte var viktig i livet. Desse samtalane handla om nære ting og små gleder som ikkje fortener overskrifter, men som likevel kunne fylla rommet med meining.
Frode vart vaksen i den tida eg kjende han. Ungdomens eruptive desidering vart gradvis avløyst av ein intelektuell refleksjon, der resonementet som regel var viktigare enn konklusjonen. Frode brukte å analysera sammfunnet rundt seg med ei aning ironi og med lun humor. Likevel skein det alltid gjennom ein respekt for det andre menneske står for.
Frode vart berre 33 år gammal. Han vil bli sårt sakna av alle oss som kjende han.