Me startar ei ny 7-kvelds turnering 5. mars. Som vanleg organiserer me det som 7 einkveldsturneringar i to puljer:
A-puljen er open, og B-puljen ”beskytta”.
30 % av startkontingenten vert avsett til premiar, av dette 2/3 til kveldspremiering og 1/3 til premiering samanlagt.
Samanlagt tel 4 beste av 7 kveldar, grunnlaget er %-score på individuell basis.
Tysdagen i påskeveka vert det som vanleg open turnering med kretspoeng, 42 spel med start kl 17.00. Me spelar venteleg Monradturnering med 14 rundar à 3 spel, avh av deltaking, alle i ei pulje, men med særskilt premiering til dei med maks ruternål.
30. april vert det einkvelds turnering, så startar sommarturneringa som går kvar tysdag mai – august.
Tysdagane 12. mars og 16. april er vinterturneringa også månadens Simultanturnering (spel 1 – 24).